torsdag 31. oktober 2013

Korleis ser du ut, vanlige mann?

Eit kjapt Google bildesøk hjelper meg på veg.

Lommemannen kjem opp to gonger tidleg i søket. Det er urovekkande og trekker kraftig ned, men eg velger å ignorere det.

Barack Obama og Jay-Z? Kjenner ein viss skepsis, dei har nok vore vanlege ein gong, men det teller faktisk ikkje lenger når ein er henhaldsvis president av USA og verda. Ein fyr med vanligmann-blogg er der, naturlig nok(han er litt for vanlig for meg). Ellers påstås Erlend Loe å vere ein vanlig mann, samt opptil fleire menn med skjegg, han der som er gift med den svenske kronprinsessa, ei dame som ser ut som ein mann, ein mann som kjem ut frå ein busk og Supermann. Dette kan eg leve med. 

Eg vakna.

Ein morgon vakna eg, jente, 31, snart 32, og tenkte at eg berre ville ha ein vanlig mann. For eg kjende meg utslitt av det motsette. Uvanlige menn har tappa meg for energi, og sjela kjennes hundre år og tusen kilo.

Hittil har vanlige menn hatt liten, til ingen appell. Eg er klar for noko nytt. Mykje fint og rart har vore utprøvd, det er ei overvekt av kunstnarar og musikarar på mitt repertoar. Dei eg har prøvd hardt og lenge å få det til å funke med, oppsummerast herved:

1. Usannsynleg vakker, høg og mørk mann med særskild hang til kontroll av feminine individ, samt sjukeleg sjalusi. At eg fekk meg utav denne knipa og igjen kunne kle meg og sminke meg som eg ville, vart markert med ei tatovering på hoftebeinet - berre fordi eg kunne! Tatoveringa er der fortsatt, frihetssymbolikken for meg like sterk, på tross av at niesa mi på fem sa: - Eg ser ikkje ka det e, men eg ser at den smilar. Det er ein slags salamander. Eg var tjue.

2. Mann med sleik og spisse sko, som fekk meg til å le meg i hel kvar dag. Det at han først brukte latterleg mykje pengar på kle, deretter på hifi-utstyr, så på bilstyling etter dét igjen, vart etterkvart heller tragikomisk. Eg slutta å le og ønska heller at han skulle senke bilen sin så mykje at heile bilen gravde eit hól i bakken og forsvann.

3. Den uvanlege "mannen i mitt liv", den einsame ulven som ville vere to, men bestemme alt aleine. Som ville gjere kva han ville når han ville og som kom på at han aldri ville ha barn akkurat altfor  seint. Denne svært uvanlege mannen vart etterkvart det mest vanlege eg visste om, men etter at eg hadde elska han så lenge eg kunne, knust ei dør og mitt eige hjarte, måtte eg gå.

4. 50-tallsmann med rutete skjorte og bukseselar. Som meinte "mannen i mitt liv" var pling i bollen som ikkje ville ha barn med meg: - Du har jo perfekte fødehofter! Ikkje kunne han gje kompliment, og han var heller ikkje særlig til å stole på.

5. Uvanlig lang og tynn mann med blått blikk og svarte klede frå ytterst til innerst. Aller innerst fanst eit raud, sakte bankande hjarte som brann voldsomt for to ting: 1. Baking. 2. Påføre sin partner så mange orgasmar som overhovudet mogeleg. Fyren skyldar meg ei kake. Og nevnte i ei bisetning at han digga "speedfylla". Vanlige menn gjer ikkje dét, det kan eg så godt som garantere.

6. Den siste uvanlege mannen møtte eg først mellom 1. & 2. Så ein gong til mellom 2. & 3. Så gjekk det sju år, og brått stod vi foran kvarandre på eit fortau midt på natta, og det kjendes som vi hadde ein hemmelighet på deling. Han ville alt, på ein gong. For tidleg, for seint, for brått og for fort. Eg ville mykje, men litt og litt.  Han hadde for masse musklar, for fin bil, for sterk vilje. Han var vand til å få alt på sin måte. Eg vand til å få det meste på min. Han var alt medan vi var saman, så ingenting tida imellom. Og det er alltid mest av tid imellom.

Kan eg ikkje berre få ein vanleg mann!? Eg har snart bursdag! Ifølge match.com si tv-reklame er nettet den vanlegaste staden å møte sin partner på i vår tid. Vår, og mi, tid, er no. Men eg tenker at det kunne vore fint med ei kontaktannonse i avisa, bill. mrk. Vanlig Mann:

"Jente, 31, ønsker seg ein heilt vanlig mann. Ikkje digg dop, plis ønsk deg unger! Helst ver glad og gøy. Lik puling og matlaging. Skog og mark - gjerne! Men ta faen ikkje tida opp Stoltzen. Dans med meg, leik med meg, elsk meg og ver heilt vanlig. Med snert."