søndag 24. november 2013

Intervjuobjekt 2, kvinne 27.

Kvinne/jente, 27, har følgande opplysningar om den vanlige mannen:

- Han har tredagersskjegg.
- Liker fotball.
- Liker å snakke om fotball med vennene sine.
- Er ein snill type, som gir mange kompliment til dama si, også på sosiale medier.
- Han kjøper blomster av og til.
- Ønsker seg eit vanlig liv, med barn, stasjonsvogn og hund.
- Før den vanlige mannen får ungar, vil han berre reise på storbyferiar. Når han har blitt far, vil han til syden.
- Han har medlemskap på SATS, men bruker det mest før sommaren.
- Han er nok ingeniør og har vanlig inntekt, altså høgare enn kvinner.
- Vil gje barna sine vanlige navn.
- Køyrer volvo, for han er opptatt av sikkerhet.
- Om han må bære med seg pc'en sin, har han den i ei brun skinnveske.
- Når det er vinter bruker han ullfrakk, om han skal pynte seg går han i blazer, og han tek på seg skinnjakka når han skal vere tøff og kul.
- Ettersom han er åpen for litt av kvart, kan han sjå film både heime og på kino. Og han vil ha popcorn.

Okei, jente 27 kjenner meg, og eg kjenner henne. Til vanlig er ho kjent for å kunne oppfattast som litt streng og skummel, så eg vil gje henne honnør for å vere raus med den vanlige mannen. Virker som ein hyggelig fyr, han. Men eg syns ikkje han trenger å vere lat mesteparten av året (jamfør det om SATS).


tirsdag 19. november 2013

"Nei, eg er vel litt skada, då"

- Det svarte mannen i bukseselar då eg spurte han kvifor han oppførte seg som ein idiot og ikkje klarte kommunisere på andre måtar enn reint fysisk(som han strengt tatt var veldig god til). Og eg vart så forbanna. Eg fann meg ikkje i at hans tidligare dårlige erfaringar med jenter og livet generelt skulle gå utover meg. Til slutt velta eg alle mine tyngste og vondaste erfaringar utover han som ei bøtte med spy og påsto at eg på trass av desse klarte å oppføre meg som eit godt menneske. Men no veit eg ikkje lengre.

Velger eg "feil" menn for å sleppe billigare unna? Fordi då veit eg allerede før det begynner at det snart tek slutt og lurer meg sjølv til å tru det skal gjere mindre vondt når det gjer det? Har eg blitt kynisk og hardhuda? For flink til å "blåse det bort", som oldemor lærte meg, og eg nærmast har gjort til leveregel? Tråkker eg på folk i prosessen, og går i ring rundt meg sjølv?

Tidlegare i dag tenkte eg at eg treng ein ferie. Så føyde eg til at det hadde vore enda bedre med ein ferie frå meg sjølv - dette mens eg satt og drakk te etter å ha vore på fjellet i vinterens første snøvêr, hadde fyr i peisen og var eigentleg svært tilfreds med det meste. Eg innser at det vert vanskeleg å feriere borte frå mine eigne tankar, men eg kan i det minste kjenne litt bedre etter neste gong, tenke meg om to gonger før eg dømmer både andre og meg sjølv nord og ned.

Så skal eg fortsette å kjøpe yogi-te med visdomsord a'la "Learn to be yourself", fortsette å ironisere over dei samtidig som eg tek dei til meg. Som det litt bipolare mennesket eg har vist meg å vere. 

fredag 15. november 2013

Virker ikkje han der Ryan Gosling litt vanlig?

Neivel.

Går rundt i t-shirt och är trøtt.

Det har eg ikkje gjort sidan forrige søndag. Då gjekk eg rundt og var trøtt i t-skjorte i ca ein time, før eg suste avgarde for å fikse noko, møte nokon, sjå på noko, høyre noko. Eg stopper omtrent aldri opp, og eg trur ikkje det er særlig bra. Sist eg stoppa skikkelig opp, knakk eg nesten husnøkkelen min i bodlåsen, stengte meg sjølv ute, stod i joggebukse i yttergangen der eg budde då, grein heilt hysterisk og tenkte at "no går verden under, og dét rett før påske, faen". Den gjorde jo ikkje det. Men det var godt å grine, eg gjer det altfor sjelden. Vennane mine kaller meg grine-Trine, men det er fordi eg er lettrørt og griner av Norsk Tipping-reklamen. På vegne av meg sjølv griner eg så godt som aldri.

Han som inspirerte meg mest til dette vanlig-mann-prosjektet, er ikkje overraskande ganske uvanlig. Det trur eg han trivast med. Om eg skulle vore skikkelig slem mot denne mannen, kunne eg berre sagt til han at han er vanligare enn den vanligaste mannen eg nokonsinne har møtt.

Ganske tidlig spurte eg han om han visste korleis det kjennes å få hjartet sitt knust. Det visste han ikkje. Det var ikkje sjokkerande for meg, akkurat. Vedkommande er eit godt menneske, men er også den eg har møtt som er aller flinkast til å elske seg sjølv. Det kan faktisk bli for mykje av det gode. I ettertid må eg nesten le av at han var så opptatt av De Lillos' Hjernen Er Alene. Han kunne fått selskap! Om han turde, om han åpna seg litt meir enn på den måten han gjorde til meg - der eg hørte at alle setningane om seg sjølv hadde han sagt tusen gonger før. Som eit dikt han hadde lært seg utenat. Eg tenker no at eg er modigare enn han, for eg tør å elske andre. Sjølv om det er det farligaste i verda. Folk forsvinner jo, før eller seinare.

No har eg drømt og drømt om han, vakner ofte og seier høgt: Slutt å plag meg! Det er så rart, for eg veit ikkje ein gong kvifor eg vil ha han, eller om eg eigentleg ville ha han då eg liksom hadde sjansen. Det kan godt hende det er vanlig blant vanlige kvinner å ville ha det dei ikkje får. Eg trur det.

Sitatet i overskrifta er frå ein song av Veronica Maggio eg høyrer mykje på om dagen. Den er trist og fin på same tid, noko eg er veldig svak for. Catchy melankoli tar meg kvar gong. Songen er ein duett med Håkan Hellstrøm, og handler om at alt er så bra, men samtidig veit dei begge at alt har ein slutt.

Slutten på historia om den uvanlige mannen, blei starten på den om den vanlige. Og om eg vakner i morgon og nok ein gong har drømt om uvanlig mann nummer 6, skal eg tenke - Javel! Men veit du kva som er bra med mitt liv?

1. Eg er ikkje aleine i verda, eg har flokken min.
2. Eg har ein ny leppestift i den heilt perfekte raudfargen.
3. Eg har frihelg og besøk av bestevenninna mi frå Gøteborg.
4. Eg skal besøke søstra mi, og klemme på dei deilige nevøane mine.
5. Eg feirer fortsatt bursdagsfestival.
6. Eg har ikkje felt ei einaste tåre over han.
7. Eg skal spise lunch på Don Pippo, og om det er for mange karbohydrater i brødet, bryr eg meg ikkje om det.
8. Eg veit at om litt, har eg slutta å tenke på han.
9. Eg veit at når eg har slutta å tenke på han, er det snart jul.
10. Og etter dét igjen, er det 2014. 

torsdag 14. november 2013

Intervjuobjekt 1, kvinne, 31:

Mitt første intervjuobjekt meinte mykje om den vanlige mannen. Det var laurdag, vi hadde drukke minst to glass vin då intervjuet starta. Ettersom dette prosjektet er fullstendig mitt, og dessutan totalt uprofesjonelt, er det lov å føre intervju i berusa tilstand og om fokuspersonane tilhøyrer min indre krets, er det heilt akseptabelt. Her kjem svara hennar:

- Den vanlige mannen har gjennomsnittleg interesse for mote.
- Han er heilt vanlig pen.
- Likt av dei fleste. Er høfleg, grei og ein "likande kar".
- Han er opptatt av musikk, men har ikkje ei sjukeleg interesse.
- Den vanlige mannen kan reise på alle slags ferier.
- Om han har bil, er den praktisk, gjerne ei stasjonsvogn.
- Funksjon stiller sterkare enn form.
- Det er vanlig at han vil ha hund, men han er faktisk så vanlig, at om dama vil ha katt får ho vel berre få det.
- På laurdagar kan han gå ut, men det er også heilt greit for han å berre vere heime.
- Han er tøff, men snill.

På dette tidspunktet måtte eg bryte inn for å sjekke om intervjuobjektet framleis snakka om den vanlege mannen, eller om ho hadde gått over på å snakke om sin eigen draumemann. Intervjuobjektet rødma lett, og følte seg tatt på senga. På feil måte. Men vi vart einige om at intervjuet fortsatt var gyldig.

- Han er visst ingen tøffel, den vanlige mannen (fortsatt uklårt om dette er vanlig).
- Har ein heilt vanlig jobb og vanlig inntekt.
- Det er ikkje sikkert han digger å besøke svigermor, men han gjer det likevel.
- Den vanlige mannen har eigne vener, går ut med gutta og blir full som eit fly, men kjem alltid heim etterpå, for det gjekk det visst an å kreve av den vanlige mannen.
- Gjer "gutteting" som irriterer, for det er vel vanlig (dette vart sagt etterfulgt av eit djupt sukk).


Det siste mitt første intervjuobjekt hadde å sei om den vanlige mannen, var at han måtte tvinges til husvask, for det var skikkelig, skikkelig vanlig. Ikkje veit eg. 

Vi må finne ut kven han er.

For eg veit det ikkje. Og eg veit ikkje kor han finst. Kor bur den vanlige mannen? Kva driv han med? Kvifor gøymer han seg, og kor har han vore heile mitt liv? På fjellet? Ved havet? I mengden?

Dette tenker eg krever research. Nokon må lukast ut, andre kan komme inn. Eg bestemte meg for å danne ei slags fokusgruppe beståande av kvinner og menn i alle aldre. For å finne ut meir om den vanlige mannen. 

søndag 3. november 2013

Elsk deg sjøl, din neste, den beste og kanskje den nestbeste.

Eg har både hørt og lest at ein bør (eller skal, eventuelt må) elske seg sjølv før ein kan elske andre ordentlig. Det har aldri kjentes som om eg har problem med å elske andre. Familien min elsker eg med ein inderlighet som fyller alle cellene mine, og dei næraste venene mine like så. Menn eg har elska og sagt det høgt til, kan eg telle på ei hand. Men eg elska dei til gjengjeld så det kjentes som sjela mi rakna då eg ikkje skulle ha dei i livet mitt lenger. Sjølv dei eg valgte bort. Eg rakna, men tråkla meg saman igjen. Sjela mi må sjå ut som Frankenstein.

Men; sjølv om eg anser meg sjølv som svært kompatibel til å elske andre, er eg ikkje akkurat forelska i meg sjølv. Det har nok ikkje skjedd at eg begeistra seier til spegelen: 
- Jøsses, kor eg ELSKER deg! 
Hyppigare er nok:
- Oi. 
- Åja.
Første benyttes ofte når eg får auge på håret mitt, som kan overraske med litt av kvart når eg står opp. Sistnevnte kan for eksempel nyttast når eg vakner etter å ha vore på galeien dagen før og ser at eg har utelatt å fjerne sminke før eg la meg. - Åja, det blei et glass for mykje, liksom. Eg føretrekk å legge meg sminkelaus, men liker vin. Det kan kræsje. 

For all del, eg kan vere nøgd med det eg ser i spegelen. Og eg øver meg på å vere raus med meg sjølv. Dette starta for alvor i samband med min tredveårsdag. Eg fekk for meg at Trine, 40, ville irritere seg over Trine, 30, dersom ho fortsatte å alltid uttrykke misnøye over seg sjølv foran det motsette. Som trettiåring antok eg at eg hadde brukt langt over halve livet på å kritisere meg sjølv. Så då begynte eg å slutte. Forsøkte, i alle fall. 
- Hei, ja. De to ser no ikkje så verst ut! sa eg til puppane mine i spegelen. Dei har fått ufortjent mykje pes, dei to. Og det er ikkje særlig hyggeleg mot eit par som har gjort opp til fleire menn begeistra, og det sa eg til dei også. Så tok eg på meg bh og lot dei tenke litt på saken. Eg trur det har hjulpe litt! Her om dagen gjekk eg uten bh ein heil søndag uten å bli gal og hate livet. Ikkje utanfor heimen, sjølvsagt, men likevel. Ingen kan påstå at eg ikkje prøver. Trur forresten den vanlige mannen liker pupper uansett fasong, og det må han nesten få lov til. 

torsdag 31. oktober 2013

Korleis ser du ut, vanlige mann?

Eit kjapt Google bildesøk hjelper meg på veg.

Lommemannen kjem opp to gonger tidleg i søket. Det er urovekkande og trekker kraftig ned, men eg velger å ignorere det.

Barack Obama og Jay-Z? Kjenner ein viss skepsis, dei har nok vore vanlege ein gong, men det teller faktisk ikkje lenger når ein er henhaldsvis president av USA og verda. Ein fyr med vanligmann-blogg er der, naturlig nok(han er litt for vanlig for meg). Ellers påstås Erlend Loe å vere ein vanlig mann, samt opptil fleire menn med skjegg, han der som er gift med den svenske kronprinsessa, ei dame som ser ut som ein mann, ein mann som kjem ut frå ein busk og Supermann. Dette kan eg leve med. 

Eg vakna.

Ein morgon vakna eg, jente, 31, snart 32, og tenkte at eg berre ville ha ein vanlig mann. For eg kjende meg utslitt av det motsette. Uvanlige menn har tappa meg for energi, og sjela kjennes hundre år og tusen kilo.

Hittil har vanlige menn hatt liten, til ingen appell. Eg er klar for noko nytt. Mykje fint og rart har vore utprøvd, det er ei overvekt av kunstnarar og musikarar på mitt repertoar. Dei eg har prøvd hardt og lenge å få det til å funke med, oppsummerast herved:

1. Usannsynleg vakker, høg og mørk mann med særskild hang til kontroll av feminine individ, samt sjukeleg sjalusi. At eg fekk meg utav denne knipa og igjen kunne kle meg og sminke meg som eg ville, vart markert med ei tatovering på hoftebeinet - berre fordi eg kunne! Tatoveringa er der fortsatt, frihetssymbolikken for meg like sterk, på tross av at niesa mi på fem sa: - Eg ser ikkje ka det e, men eg ser at den smilar. Det er ein slags salamander. Eg var tjue.

2. Mann med sleik og spisse sko, som fekk meg til å le meg i hel kvar dag. Det at han først brukte latterleg mykje pengar på kle, deretter på hifi-utstyr, så på bilstyling etter dét igjen, vart etterkvart heller tragikomisk. Eg slutta å le og ønska heller at han skulle senke bilen sin så mykje at heile bilen gravde eit hól i bakken og forsvann.

3. Den uvanlege "mannen i mitt liv", den einsame ulven som ville vere to, men bestemme alt aleine. Som ville gjere kva han ville når han ville og som kom på at han aldri ville ha barn akkurat altfor  seint. Denne svært uvanlege mannen vart etterkvart det mest vanlege eg visste om, men etter at eg hadde elska han så lenge eg kunne, knust ei dør og mitt eige hjarte, måtte eg gå.

4. 50-tallsmann med rutete skjorte og bukseselar. Som meinte "mannen i mitt liv" var pling i bollen som ikkje ville ha barn med meg: - Du har jo perfekte fødehofter! Ikkje kunne han gje kompliment, og han var heller ikkje særlig til å stole på.

5. Uvanlig lang og tynn mann med blått blikk og svarte klede frå ytterst til innerst. Aller innerst fanst eit raud, sakte bankande hjarte som brann voldsomt for to ting: 1. Baking. 2. Påføre sin partner så mange orgasmar som overhovudet mogeleg. Fyren skyldar meg ei kake. Og nevnte i ei bisetning at han digga "speedfylla". Vanlige menn gjer ikkje dét, det kan eg så godt som garantere.

6. Den siste uvanlege mannen møtte eg først mellom 1. & 2. Så ein gong til mellom 2. & 3. Så gjekk det sju år, og brått stod vi foran kvarandre på eit fortau midt på natta, og det kjendes som vi hadde ein hemmelighet på deling. Han ville alt, på ein gong. For tidleg, for seint, for brått og for fort. Eg ville mykje, men litt og litt.  Han hadde for masse musklar, for fin bil, for sterk vilje. Han var vand til å få alt på sin måte. Eg vand til å få det meste på min. Han var alt medan vi var saman, så ingenting tida imellom. Og det er alltid mest av tid imellom.

Kan eg ikkje berre få ein vanleg mann!? Eg har snart bursdag! Ifølge match.com si tv-reklame er nettet den vanlegaste staden å møte sin partner på i vår tid. Vår, og mi, tid, er no. Men eg tenker at det kunne vore fint med ei kontaktannonse i avisa, bill. mrk. Vanlig Mann:

"Jente, 31, ønsker seg ein heilt vanlig mann. Ikkje digg dop, plis ønsk deg unger! Helst ver glad og gøy. Lik puling og matlaging. Skog og mark - gjerne! Men ta faen ikkje tida opp Stoltzen. Dans med meg, leik med meg, elsk meg og ver heilt vanlig. Med snert."