fredag 15. november 2013

Går rundt i t-shirt och är trøtt.

Det har eg ikkje gjort sidan forrige søndag. Då gjekk eg rundt og var trøtt i t-skjorte i ca ein time, før eg suste avgarde for å fikse noko, møte nokon, sjå på noko, høyre noko. Eg stopper omtrent aldri opp, og eg trur ikkje det er særlig bra. Sist eg stoppa skikkelig opp, knakk eg nesten husnøkkelen min i bodlåsen, stengte meg sjølv ute, stod i joggebukse i yttergangen der eg budde då, grein heilt hysterisk og tenkte at "no går verden under, og dét rett før påske, faen". Den gjorde jo ikkje det. Men det var godt å grine, eg gjer det altfor sjelden. Vennane mine kaller meg grine-Trine, men det er fordi eg er lettrørt og griner av Norsk Tipping-reklamen. På vegne av meg sjølv griner eg så godt som aldri.

Han som inspirerte meg mest til dette vanlig-mann-prosjektet, er ikkje overraskande ganske uvanlig. Det trur eg han trivast med. Om eg skulle vore skikkelig slem mot denne mannen, kunne eg berre sagt til han at han er vanligare enn den vanligaste mannen eg nokonsinne har møtt.

Ganske tidlig spurte eg han om han visste korleis det kjennes å få hjartet sitt knust. Det visste han ikkje. Det var ikkje sjokkerande for meg, akkurat. Vedkommande er eit godt menneske, men er også den eg har møtt som er aller flinkast til å elske seg sjølv. Det kan faktisk bli for mykje av det gode. I ettertid må eg nesten le av at han var så opptatt av De Lillos' Hjernen Er Alene. Han kunne fått selskap! Om han turde, om han åpna seg litt meir enn på den måten han gjorde til meg - der eg hørte at alle setningane om seg sjølv hadde han sagt tusen gonger før. Som eit dikt han hadde lært seg utenat. Eg tenker no at eg er modigare enn han, for eg tør å elske andre. Sjølv om det er det farligaste i verda. Folk forsvinner jo, før eller seinare.

No har eg drømt og drømt om han, vakner ofte og seier høgt: Slutt å plag meg! Det er så rart, for eg veit ikkje ein gong kvifor eg vil ha han, eller om eg eigentleg ville ha han då eg liksom hadde sjansen. Det kan godt hende det er vanlig blant vanlige kvinner å ville ha det dei ikkje får. Eg trur det.

Sitatet i overskrifta er frå ein song av Veronica Maggio eg høyrer mykje på om dagen. Den er trist og fin på same tid, noko eg er veldig svak for. Catchy melankoli tar meg kvar gong. Songen er ein duett med Håkan Hellstrøm, og handler om at alt er så bra, men samtidig veit dei begge at alt har ein slutt.

Slutten på historia om den uvanlige mannen, blei starten på den om den vanlige. Og om eg vakner i morgon og nok ein gong har drømt om uvanlig mann nummer 6, skal eg tenke - Javel! Men veit du kva som er bra med mitt liv?

1. Eg er ikkje aleine i verda, eg har flokken min.
2. Eg har ein ny leppestift i den heilt perfekte raudfargen.
3. Eg har frihelg og besøk av bestevenninna mi frå Gøteborg.
4. Eg skal besøke søstra mi, og klemme på dei deilige nevøane mine.
5. Eg feirer fortsatt bursdagsfestival.
6. Eg har ikkje felt ei einaste tåre over han.
7. Eg skal spise lunch på Don Pippo, og om det er for mange karbohydrater i brødet, bryr eg meg ikkje om det.
8. Eg veit at om litt, har eg slutta å tenke på han.
9. Eg veit at når eg har slutta å tenke på han, er det snart jul.
10. Og etter dét igjen, er det 2014. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar